Pixar sin nye film handlar om mensen og puberteten

Den nye filmen til Pixar, «Rød», snakkar høgt om mensen og korleis det er når du ein dag vaknar og merkar at kroppen endrar seg.

«Rød» handlar om 13-åringen Mei, som står midt i nokre vanskelege situasjonar i livet. Ho er på veg inn i ungdomslivet og puberteten. I tillegg rivast ho også mellom sine etniske tradisjonar. Ho har nemleg kinesisk familie som bur i ein storby i Canada, skriv Polygon.

Men som om dette ikkje var vanskeleg nok, blir ho gjort om til ein raud panda i det ho merkar at ho tek til å bli stressa og hormonell – slik som ein kan bli i puberteten.

Les også: Mytar om puberteten

Puberteten kan vera ei rar tid

Regissør Domee Shi og produsent Lindsey Collins, hadde eit heilt bevisst ønske om å laga ein film som tek for seg den rare tida puberteten kan vera.

Førstnemnde har sagt til NTB at pandaen er eit bilde på kjensler me alle har i oss. I «Rød» blir pandaen slik sett eit direkte symbol på puberteten.

Den raude pandaen representerer Mei på sitt mest emosjonelle, rotete og sanne sjølv. Foto: Pixar

– I filmen vaknar Mei ein dag og er større, meir hårete og meir emosjonell. Etter kvart som historia utviklar seg, blir symbolet utvida til kjensler me er lært opp til å undertrykka. Og for Mei, handlar denne prosessen om å omfamna desse kjenslene, i motsetnad til korleis det var for mora og bestemora hennar, seier Domee Shi.

Må snakka meir om mensen

TikTokar Silje Sirnes Winje, som står bak boka «Min M», vil at alle skal snakka meir om mensen. Både jenter og gutar, barn og vaksne.

– Eg opplever diverre at det framleis er mykje skam knytt til mensen. Difor må vi bli flinkare til å snakka om det, sa Silje til Framtida Junior, då me intervjua ho i forbindelse med boka i 2020.

Les også: Fortel om fyrste gong dei fekk mensen