Kort fortalt
- Du kan sende oss meiningar, bokmeldingar, tips og spørsmål.
- Send det på e-post til tips@framtida.no.
- Skriv namnet ditt, kor gammal du er og kvar du bur.
- Ein vaksen må seie ja før vi publiserer det du har laga.
Kva meiner du om skulen, fritida eller det som skjer i verda? Har du lese ei bok som alle burde lese? Eller skjer det noko spennande der du bur? Vi vil gjerne høyre frå deg.
Du treng ikkje vere flink til å skrive. Det viktigaste er at du har noko på hjartet.
Dette kan du sende oss
Ei meining
Er det noko du meiner bør bli annleis? Skriv eit lesarinnlegg. Det kan godt vere kort.
Ei bokmelding
Fortel kva boka handlar om og kva du synest. Dei beste kjem på Lesedigg.
Eit tips
Skjer det noko spennande på skulen eller der du bur? Fortel oss om det, så lagar vi kanskje ei sak.
Eit spørsmål
Lurer du på noko? Send spørsmålet ditt, så prøver vi å finne svaret i «Visste du at?».
Slik gjer du
- Skriv teksten dinEi meining eller ei bokmelding treng ikkje vere lang. 100–400 ord er fint.
- Send han til ossSend han på e-post til tips@framtida.no. Skriv namnet ditt, kor gammal du er og kvar du bur.
- Vi les altEin journalist les det du sender. Vi kan rette skrivefeil og korte ned, men det du meiner, får stå.
- Ein vaksen seier jaFør vi publiserer noko, tek vi kontakt med ein forelder eller føresett.
- Du blir publisertVi gir deg beskjed når teksten din er ute på Framtida Junior.
Gode råd
- Skriv om noko du bryr deg om.
- Byrj med det viktigaste.
- Les teksten høgt for deg sjølv før du sender han.
- Skriv sjølv. Vi vil lese det du tenkjer, ikkje det ein maskin har skrive.
Kva skjer med namnet ditt?
Vi skriv førenamnet ditt og alderen din under teksten, til dømes «Ingrid, 12 år». Vil du ikkje ha med namnet ditt, kan du seie ifrå. Vi deler aldri e-postadressa di med andre.
Er du lærar?
Heile klassen kan sende inn tekstar saman, og vi har skriveopplegg du kan bruke i timen.
Klar til å skrive?
Send teksten, tipset eller spørsmålet ditt til oss. Vi gler oss til å lese det!
Send til tips@framtida.no