Ukraina har 7,3 millionar barn. Det vil seia at halvparten av dei har flykta som følgje av krigshandlingane, skriv Unicef i ei pressemelding.
Av desse barna har meir enn 1,8 millionar barn flykta til andre land, medan 2,5 millionar barn er på flukt inne i Ukraina. Unicef-sjef Catherine Russell seier til NTB at krigen er dramatisk for barna i Ukraina.
– Tryggleiken og sikkerheita til barna, og tilgangen deira til grunnleggande tenester er no trua av ustoppeleg og forferdeleg vald, seier ho.
– Barna treng straks fred
Angrepa frå dei russiske styrkane har øydelagt mange hus. Kåra til menneska som er att i landet, blir dårlegare for kvar dag som går. Mange slit mellom anna med å finna reint drikkevatn, mat og brensel til både bilar og oppvarming.
Over 450.000 barn i alderen seks månader til to år treng hjelp til å få mat, melder Unicef.
Russell fortel at krigen kan få konsekvensar i fleire generasjonar framover.
– På berre nokre få veker har krigen ført til enorme øydeleggingar for barna i Ukraina. Barna treng straks fred og vern. Det har dei rett på, seier ho.