Mange barn har spørsmål om krigen i Ukraina. Derfor kjem utanriksminister Anniken Huitfeldt, forsvarsminister Odd Roger Enoksen og kunnskapsminister Tonje Brenna til å svara på spørsmål frå barn om krigen i Ukraina i ein eigen pressekonferanse for barn torsdag 3. mars kl. 11.30.
Framtida Junior skal vera til stades for å stilla spørsmål på vegner av lesarane våre.
Still oss dine spørsmål
Du kan derfor senda inn dine spørsmål i kommentarfeltet under. Så vel me ut nokre av dei som representantane svarar på.
Siste frist for innsending av spørsmål er onsdag, 2. mars kl. 12.30.