Mange barn har spørsmål om krigen i Ukraina og dei ukrainske flyktningane som kjem til Noreg. Derfor kjem statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Tonje Brenna til å svara på spørsmål frå barn om krigen i Ukraina i ein eigen pressekonferanse for barn onsdag 20. april kl. 12.00.
Framtida Junior skal vera til stades for å stilla spørsmål på vegner av lesarane våre.
Still oss dine spørsmål
Du kan derfor senda inn dine spørsmål i kommentarfeltet under. Så vel me ut nokre av dei som representantane svarar på. Du kan òg senda video med spørsmålet ditt til junior @ framtida.no.
Siste frist for innsending av spørsmål er tysdag, 19. april kl. 15.00.
Kva skal til for å stoppe krigen?
Kvifor gjer krigen diesel og bensin så dyrt?
Kvifor følger ikkje Putin krigsreglane?
Kva skjer om Russland tek over Ukraina?
Kva skjer i Ukraina akkurat no? Kvifor klarar dei ikkje å skape fred i Ukraina?
Korleis kan me som er born hjelpe dei som må flykte til Norge?
Plannleger derre og sende soldater eller våpen til Ukraina?
Trur derre Putin vil få tilbake Soviet Russland?
Kvifor ville han ha krig?
Kan ikke Norge sende soldater til Ukraina? 💙
💛