Vinnar av skrivekonkurransen: – Det kom som eit lite sjokk

Marta Borge (12) skreiv seg heilt til topps i skrivekonkurransen til Framtida Junior, med bokmeldinga si om «Monstertanta».

Boktips frå Marta:
  • Lappjævel av Kathrine Nedrejor: – Den handlar om ein samisk gut, og handlinga er lagt til 1900-talet. Den tek for seg litt forskjellar og slik, seier Marta.
  • En pingles dagbok av Jeff Kinney: – Eg har lese alle bøkene i serien om En pingles dagbok. Dei er gode, seier ho.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det kom som eit lite sjokk då eg fekk vita at eg hadde vunne konkurransen. Eg trudde ikkje at eg hadde sjans, for det er jo så mange som er med, seier Marta over telefon til Framtida Junior.

Då ho får spørsmålet om kva ho likar best av å skriva eller å lesa, er ho ganske klar i si sak. – Ved sidan av skulen brukar eg ikkje så mykje tid på å lesa. Eg likar best å skriva, seier ho.

Og det var nettopp på skulen ho hadde lese boka ho valgte å melda. Marta fortel at ho likte «Monstertanta» godt.

Les også: Bokmelding av «Monstertanta»: – Kjente meg att i masse av det som skjedde

Kjekk og realistisk bok

Monstertanta av Ingelin Røssland. Omslag: Samlaget

– Den var kjekk og realistisk, med tanke på at handlinga i boka faktisk kunne ha skjedd, seier Marta.

I «Monstertanta» møter me Julie, som blir med foreldra sine til Kreta, då dei forsøker å fiksa ekteskapet sitt. Julia blir plassert hjå tanta si som bur på ein gard. Det som derimot ikkje er heilt optimalt, er at tanta hatar ungar.

Marta skidlarar handlinga på denne måten:

– Tanta er veldig streng med kva Julie et, fordi ho synest Julie er tjukk. Ein dag bestemmer ho seg derfor for å rømma heim att. Midt oppi denne forferdelege sommaren blir det også nokre lyspunkt, då Julie får seg ei venninna som veit om fine badeplassar.

Danka ut over 60 andre bidrag

Med bokmeldinga si danka ho ut over 60 bidrag, og ho kunne fortelja at dette er den aller første gongen ho er med på ein av skrivekonkurransane til Framtida Junior. Kanskje har vinnarkjensla ført til at det ikkje er den siste.

Til andre barn som vil skriva bokmeldingar, har Marta følgjande tips:

– Eg prøvde å skriva litt om forfattaren og handlinga i boka utan å spoila det som skjer. Og så skreiv eg om korleis eg opplevde boka. Eg trur det beste er å skriva med sine egne ord, og tenkja tilbake på det du faktisk har lese, seier ho.