Er du forelska?

Me har snakka med ein gjeng på Mathopen skule i Bergen om deira erfaringar med forelsking. 

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

Olivia Nielsen (11)

Korleis kjennest forelsking? 

– Eg blir varm og veit ikkje heilt korleis eg skal oppføra meg. Eg seier berre til bestevenninna mi kven eg er forelska i.

Korleis reagerer du når du ser nokon du er forelska i?

Foto: Ingvild Tveita Hanssen

– Viss nokon seier dumme ting om den eg er forelska i, tør eg ikkje innrømme at det er den personen eg likar.

Kva viss personen ikkje er forelska tilbake? 

– Eg har opplevd det ein gong. Ein eg spurte sa nei. Dagen etter blei han saman med nokon andre. Då blei eg litt lei meg, men lot som ingenting.

Tobias Rødølen (11)

Foto: Ingvild Tveita Hanssen

Korleis kjennest det å vera forelska? 

– Det føltest rart. Etter eit halvt år turte eg å spørra. Ho sa ja, men no er me ikkje kjærestar meir.

Korleis reagerer du når du ser nokon du er forelska i?

– Eg blei veldig glad.

Kor i kroppen kjennest det?

– Eg kjente det i magen. Det var ein god, rar og litt ekkel følelse.

Kva legg du merke til ved ein person du forelskar deg i?

– Korleis personen oppfører seg mot vener

 

Malee Hodgkin (11)

Foto: Ingvild Tveita Hanssen

Korleis kjennest det å vera forelska?

– Litt rart. Nokon gongar når eg er nær han går hjarta mitt veldig fort. Og eg blir raud i fjeset.

Kor i kroppen kjennest det? 

– I hjarta. Og eg blir veldig varm. Når han er rundt meg har eg lyst å ha ein ting i handa som eg kan klemma på.

Kva legg du merke til ved ein person du forelskar deg i?

– At han får meg til å le.

 

Lise Sofie Mikkelrud Andreassen (11)

Foto: Ingvild Tveita Hanssen

Korleis kjennest det å vera forelska? 

– Eg smilte mykje då eg møtte han. Kvar gong han sendte melding blei eg glad.

Kor i kroppen kjennest det? 

– Eg kjente det i magen. Så blei eg litt redd for å seie noko feil då eg var saman med han.

Kva viss personen ikkje er forelska tilbake? 

– Eg var forelska i ein gut som eg spurte om ville vera kjæresten min. Han sa eg skulle sjå ein TikTok-video, og då såg eg at han allereie hadde kjærast. Då blei eg litt lei meg, men måten det skjedde på var litt morosam også.

 

Hedda Rydheim Brautaset (12)

Foto: Ingvild Tveita Hanssen

Korleis kjennest det å vera forelska? 

– Eg har ikkje vore forelska.

Korleis oppfører venene dine seg når dei forelskar seg?

– Dei blir ekstra glade og snille. Og dei snakkar mykje om den personen dei likar.  Nokon seier at dei får sommarfuglar i magen når dei snakkar med den dei er forelska i.

Korleis vera ein god ven for nokon som er forelska?

– Du kan støtta og hjelpa dei å spørja den dei likar. Viss dei ikkje vågar sjølv.

 

Andrine Mariell Sætre-Landsvik (12)

Foto: Ingvild Tveita Hanssen

Korleis kjennest det å vera forelska? 

– Eg er forelska. Eg møtte han i haust ein gong. Me vart kjærestar, og så slo eg opp for å bli kjærast med ein annan. Men, etter berre ein dag slo han opp med meg. Så no angrar eg på at eg slo opp. Eg vil prøva å senda ei melding og sjå om eg kan fiksa det.

Kor i kroppen kjennest det? 

– Hjarta dunka veldig raskt og eg følte meg evig glad.

Kva legg du merke til ved ein person du forelskar deg i?

– Han var veldig høflig, snill og han godtok meg slik eg er. Han såg også veldig søt ut.