– Å vera forelska er ein god følelse

Vi har snakka med Andrea Sofie (8) om forelsking. Her er 20 teikn på at du er forelska!

Andrea Sofie Jacobsen (8):

Foto: Janne Nerheim

– Eg var forelska i 1. klasse. Det var ganske fint. Han visste det ikkje, og han fekk ikkje vite det heller. Eg sa det til mamma og pappa. Å vera forelska er ein god følelse.

Les kva helsesjukepleiar Tonje skriv om forelsking her.

20 teikn på at DU er forelska

Smiling

Du vert meir smilande og lukkeleg når du er forelska. Om du smiler mykje til den du er forelska i, kan du vise at du er interessert.

Blikk

Det er ofte slik at vi ser mykje på den vi likar, kanskje litt i smug. Du søkjer blikket til han/ho og ønskjer at personen skal leggje merke til deg.

Vera i nærleiken

Vi vil rett og slett vera nær den vi er forelska i.

Ekstra mykje merksemd

Du seier fine ord og gir personen merksemd for at han/ho skal leggje merke til deg.

Snakke med han/ho

Om du er forelska startar du ofte samtalen, og prøver litt ekstra for å halde praten i gang.

Venene dine får høyre mykje om den du er forelska i

Mange er opptekne av kva venene tenkjer om den dei likar. Du fortel dei om han/ho, og om kor fantastisk personen er.

Flørting

Flørting er ein veldig tydeleg måte å vise nokon at du er forelska i dei.

Du tøffar deg

Det er heilt naturleg at du vil framstå som tøff i nærleiken av den du er forelska i.

Småerting

Det er veldig vanleg at ein småertar litt. Men det er viktig at du ikkje drar det for langt. Du vil jo ikkje at den du er forelska i skal bli irritert eller lei seg.

Du blir nervøs

Å vera nervøs er ein naturleg del av å vera forelska. Mange er også litt redde for å oppføre seg rart eller unormalt.  

Du blir oppteken av korleis du framstår

Det er ofte slik at du blir meir oppteken av korleis du ser ut og kva du gjer når du er forelska. Men det er viktig at du er deg sjølv!

Fysisk kontakt

Det er naturleg at du søkjer fysisk kontakt med den du er forelska i. Det kan vera alt frå å gje ein klem, eller eit klapp på skuldra.

Glede

Du kjenner glede og blir glad når du ser den du likar.

Sosiale medium

Du er oppteken av den du likar, både når dykk treff på kvarandre, og i sosiale medium.

Du ventar alltid på eit svar

Etter du har sendt ein melding til han/ho, ventar du på svar og du kjenner at hjarta pumper litt ekstra fort når du ser du har fått svar.

Kribling i magen

Forelsking påverkar oss både fysisk og psykisk. Når du er forelska kan du kjenne at det kriblar i magen, og at du blir svett i hendene når du er med den du likar, eller når du tenkjer på han/ho.

Felles interesser

Du ønskjer at dykk får felles interesser, noko som både du og han/ho kan like, og som blir ein stad dykk kan møtast. Difor prøver du å finne noko dykk har til felles, eller du prøver å skape det.

Latter

Viss han/ho prøver å vera morosam, ler du. Du tenkjer eigentleg at han/ho er morosam heile tida.

Sjalusi

Det er heilt naturleg å bli sjalu når du ser den du likar saman med andre, sjølv om dei eller dykk ikkje er kjærester.

Du tek initiativ

Du er sikker på at du er forelska og du trur han/ho likar deg tilbake, difor tek du kanskje initiativ og ønskjer å bli litt betre kjent?

Alle menneske er ulike, og det gjeld og når ein er forelska. Korleis du oppfører deg, og kva teikn som tyder på at du er forelska varierer veldig frå person til person. Men, det viktigaste er at du er deg sjølv!

Er du forelska?

(Kjelde: Ung.no)