Storfavoritt i kunstløp, Kamila Valieva, gav i romjula ein dopingprøve som inneheldt spor etter eit forbode stoff. Prøvesvaret kom 8. februar, dagen etter at ho bidrog til at Russland tok OL-gullet i lagkonkurransen i OL.
Valijeva vart mellombels utestengt då den positive dopingprøven vart kjent, men Russland sitt antidopingbyrå bestemte at ho fekk halda fram med å konkurrera likevel.
Får delta
No har også Valdgiftsretten til idretten (CAS) bestemt at Valieva får delta i singelkonkurransen i kunstløp tysdag, sjølv om ho gav ein positiv dopingprøve 25. desember, skriv Nettavisen.

Det er førebels ikkje bestemt om Russland skal fråtakast gullmedaljen frå lagkonkurransen, der Valieva bidrog til russisk siger.
Ingen medaljeseremoni
I ei pressemelding frå Den internasjonale olympiske komité står det at det ikkje blir medaljeseremoni i lagkonkurransen i kunstløp, og at det heller ikkje blir medaljeseremoni om Valieva blir blant dei tre beste i konkurransen til kvinnene.
– For at dette skal bli rettferdig overfor alle utøvarar og nasjonale olympiske komitear, er det ikkje passande med medaljeseremoni etter lagkonkurransen i kunstløp under OL i Beijing. Dette fordi det då vil inkludera ein utøvar som på den eine sida har gjeve ein positiv A-prøve. På den andre sida er ikkje desse brota på anti-dopingreglene fullstendig avklart, skriv IOC i pressemeldinga.