I kveld (torsdag 13. januar), brakar det laust i handball-EM for herrar. Første kamp ut for det norske laget er mot vertsnasjonen Slovakia.
Dei norske herrane gler seg til å komma i gang med meisterskapen, skriv handball.no, som har sjekka stemninga med landslagstrenar Christian Berge.
– Stemninga i laget er kjempebra – heilt strålande! Dette er ei veldig dedikert gruppe, seier Berge til handball.no og legg til at det er gode tilhøve i Kosice der laget skal spela sine kampar i gruppespelet.
– Eg har trua på dette laget
Greier dei å ta seg vidare, kjem dei til å spela hovudrunden i Bratislava. Finalerundane blir spelte i Budapest. Etter to sølvmedaljar i 2017 og 2019 og bronse i 2020, er det naturleg å gå ut frå at den gjevaste medaljen står høgt på ønskjelista.
Til TV 2 seier Sander Sagosen at det er prestasjonane som er fokus for det norske laget. Dei har snakka mykje om kva som krevst om dei skal greia å ta med seg gullmedaljen heim.
– Me må legga ned ein enorm innsats, men me får sjå kor langt det held. Eg har trua på dette laget her, seier Sagosen.
Då han fekk spørsmål om laget har ambisjonar om gull, var han klar i si tale:
– Me spelar for å vinna, så enkelt er det.
Slik spelar Noreg i EM
13. januar kl. 20.30: Noreg–Slovakia (gruppespel)
15. januar kl. 20.30: Noreg–Russland (gruppespel)
17. januar kl. 20.30: Litauen–Noreg (gruppespel)
Dersom dei går vidare til hovudrunden, blir kampane spelt 20., 21., 23. og 25. januar. Semifinalane bli spelt 28. januar og finalen den 30. januar.