Har du ein god vits på lager? Del den med oss i vitsekonkurransen vår!

Alle som er med i vitsekonkurransen er med i trekkinga av ei Framtida Junior-t-skjorte.

Det finst mange typar vitsar.

Nokre av dei er ordspel, som til dømes:

Kva for dyr er det høflegaste? – Bukken

Kan eg få hund til jul, pappa? – Nei, i år blir det ribbe som vanleg!

Andre vitsar følgjer enkle reglar og formelar, slik som til dømes «alle barna»-vitsane:

– Alle barna sat i båten – unntatt Kåre, han var åre.

Eller «betre enn»-vitsar:

– Det er betre å ha elg i skogen, enn å ha hjort i buksa.

Eller «kvifor»-vitsar:

– Kvifor kan ikkje du le, når Geilo?

Eller «har du høyrt»-vitsar:

– Har du høyrt om sauen som datt ned og blei lam?

Vitsegåter er òg ein type vitsar, som for eksempel:

– Kva er forskjellen på ein elefant? – Den kan verken sykla.

– Veit du kvifor svenskane ikkje går ut når det er regn? – Dei er redde for dråpesmitte.

Har du nokre gode vitsar på lager?

Du kan ha høyrt dei, eller funne dei på sjølv. Del den eller dei med oss i kommentarfeltet nedanfor!

Alle som deltek er med i trekkinga av ei fin Framtida Junior-t-skjorte.