– Med Bolsonaro som president, har avskoginga auka med 76 prosent. Og det er ein bevisst politikk der økonomiske interesser er viktigare enn vern av regnskogen, seier miljøtalsmannen Marcio Astrini til NRK.
Korleis menneska kan ta betre vare på regnskogen, var ein av dei store sakene på klimakonferansen i Glasgow. Under konferansen fekk Brasil ros for at dei har lova at den ulovlege avskoginga i Amazonas skal ta slutt innan 2028.
«Tropiske Trump»
Men allereie før konferansen starta, la brasilianske styresmaker fram tal som viser at det blir mindre og mindre skog i Amazonas.
– Regjeringa endrar ikkje praksisen sin sjølv om presidenten sette underskrifta si på ein avtale under klimakonferansen, seier Astrini til NRK.
Bolsonaro har vore president i Brasil i snart tre år, og har sidan starten av presidentkarrieren fått mykje kritikk for politikken sin. Han har mellom anna fått tilnamnet «Tropiske Trump», og er blitt kjent for å ikkje ta vare på urfolka og regnskogen landet hans er så kjent for.
Presidenten vernar dei som driv ulovleg
Så gale er det faktisk, at alle urfolk i landet i 2020 saksøkte presidenten for rasisme.
Astrini seier til NRK at han ikkje trur at det kjem til å bli betring, før landet i Sør-Amerika får ein ny president og regjering.
– Dei som driv med ulovleg hogst eller andre formar for miljøkriminalitet no, veit at presidenten vernar dei, seier han.