Kylian Mbappé er blitt gudfar til pandababyar

Det vart garantert ein stor dag for to pandababyar i ein fransk dyrehage forrige veke.

Som om det ikkje var nok at Kylian Mbappé avslørte namna deira – vart den franske fotballstjerna også gudfaren til begge to, skriv BBC Newsroom.

PSG og Frankrike-spissen skal dela det ærefylte oppdraget med den kinesiske olympiske gullmedaljevinnaren Zhang Jiaqi, som skal vera gudmor for dei same pandababyane. Dei to idrettsstjernene har fått oppgåva for å setta fokus på dyrearten.

– Engasjementet deira kastar lys over truga artar og på miljøet, sa direktøren i dyrehagen Delphine Delord.

Kunne stemma på sin favoritt

I dag er det berre 2000 pandaer att i naturen. Mesteparten av desse bur i Kina.

Mamammaen til dei to babyane Mbappé og Jiaqi no får eit spesielt forhold til, vart lånt ut til Frankrike frå Kina som ein del av eit bevaringsarbeid for ti år sidan.

For å finna namnet på dei to nye tilskota, kom Kina opp med fem alternativ. Desse fem alternativa har Beauval Zoo deretter invitert publikum til å stemma over.

Huanlili og Yuandudu

Jiaqi avslørte at ein av pandababyane skal heita Huanlili, før Mbappé avslørte namnet på søstera hennar, som skal heita Yuandudu. Etter at Mbappé avslørte namnet på den andre tvillingen Yuandudu, sa den franske spissen at han var glad for å vera gudfar for pandaene.

– Dette er stort for meg. Berre å få sjå dei er ei ære, sa han.