– Det er veldig kjekt at heile bygda har vore med å strikka huer til oss. Dei bryr seg om at me skal ha det bra, og det minner oss på at arbeidet mot mobbing må skje kvar einaste dag, seier Andreas (12).
Alle elevane på Bygstad skule har no fått eigne huer med skrifta «mot mobbing» på. Dei totalt 140 huene er det foreldre, besteforeldre og andre i bygda som har strikka.
Firda har også omtalt denne saka.
– Mange brukar huene i friminutta. Dei er med på å motverka mobbing, for det er jo ikkje så kult å mobba nokon når me går rundt med ei slik hua, seier Anna (12).
Dei vaksne er også opptekne av mobbing
Kontaktlæraren til Anna og Andreas, Knut Berge, fortel skulen deira har nullvisjon mot mobbing. I mars sa foreldra frå at dei gjerne ville vera med å setja fokus på nettopp dette – og det ville dei visa ved å strikka huer til elevane.
– Målet var å minna alle barna om at også dei vaksne er opptekne av at me skal vera snille med kvarandre, seier Knut.
Elevane er glad for at dei går på ein skule der det er fokus på mobbing, og fortel at dette er noko dei jobbar med kvar einaste skuledag.
– Me er lært opp til å sjå etter mobbing og varsla om det, fordi skulen vår synest det er viktig å ordna opp i dumme situasjonar med ein gong, seier Anna.
Er blitt enda flinkare
Det gjer dei mellom anna ved å ha trivselsmøter ein gong i veka. 1. – 4. trinn har smilefjesvurdering av veka si, medan 5. – 7. trinn har eit eige vurderingsskjema.
– Viss det skjer noko ute i friminuttet, så snakkar me om det etter det har skjedd, seier Andreas.
– Har dette prosjektet gjort at de tenkjer meir på kor viktig det er å ta vare på kvarandre?
Anna og Andreas nikkar i kor.
– Rektor har alltid prata masse om mobbing. Likevel så føler eg at me er blitt enda flinkare på det no, sidan det er blitt enda meir fokus på det, seier Anna.