NASA har lansert eit spesielt romfartøy som har fått namnet Lucy. Den skal ut på ein 12 år lang tur for å læra meir om ei gruppe asteroidar, kjent som trojanarane, skriv Newsforkids.
Asteroidar er store steinliknande materiale i verdsrommet og dei fleste finst i asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter.
Ein av asteroidane Lucy skal studera, ligg inne i dette asteroidebeltet. Dei sju andre asteroidane, er i eit område av verdsrommet som ikkje er blitt vitja før.

6,3 millionar kilometer lang tur
Sjølv om desse asteroidane er veldig langt vekke frå Jupiter, så følgjer dei den same ruta Jupiter tek rundt sola.
Lucy kjem til å vitja fleire objekt i verdsrommet enn det nokon gong tidlegare. Heile turen kjem til å bli meir enn 6,3 millionar kilometer lang.
Forskarar trur at asteroidane vil gi informasjon om starten av solsystemet.