Vil endra Facebook for å appellera til dei unge

Facebook-sjefen seier at dei jobbar mot at dei unge brukarane skal bli topprioriteten deira. For å få det til, skal dei gjera «store endringar».

– Me reknar med å gjera store endringar på Instagram og Facebook dei neste åra for å fortsetja å bevega oss meir mot videoinnhald, og gjera Reels til ein meir sentral del av opplevinga vår.

Det sa Facebook-sjefen Mark Zuckerberg i ein investorpresentasjon denne veka, skriv tek.no.

Les også: Facebook stoppar barneversjon av Instagram

Kjem til å ta lang tid

Han peika på at konkurransen frå andre appar som mellom anna TikTok og Snapchat, gjer at dei no må gjera meir for å vinna kampen om dei unge vaksne – sjølv om det kjem til å gå ut over dei eldre brukarane.

I tillegg til å gjera endringar som kjem til å merkast frå brukarane si side, kjem dei også til å gjera interne endringar – der dei vil «justera» seg for å nå målet.

Dette er ei endring Zuckerberg meiner kjem til å ta år og ikkje månader.