Facebook stoppar barneversjon av Instagram

Facebook stoppar utviklinga av ein barneversjon av Instagram etter å ha fått kritikk for planane.

– Me meiner det er eit behov for ei slik teneste, men me set likevel prosjektet på vent, seier Instagram-sjef Adam Mosseri i ei fråsegn, ifølgje AFP.

Facebook har sjølv forska på korleis ein barneversjon av Instagram vil påverka barn og unge. Resultata av forskninga viste at ein slik app ikkje er bra for barn og unge si mentale helse. Derfor stoppa dei den planlagte lanseringa av barne-appen.