Ny, stor rettssak mot Meta

29 amerikanske delstatar har saksøkt Meta, eigaren av Facebook og Instagram. Dei krev erstatning på opp til 9500 milliardar kroner for brot på lover som beskyttar barn sitt personvern, og for avhengnadsskapande produkt retta mot unge.

Det skriv NRK. 

I tillegg til erstatning, krev delstatane endringar i funksjonar som algoritmar og automatisk video-avspeling. Rettssaka held på no i California.

Dette er den siste saka i ei rekke søksmål mot selskapet. Eit søksmål er når nokon går til ein domstol for å få hjelp til å løyse ei usemje.

Tidlegare i sommar blei Meta dømt av staten New Mexico til å betale i underkant av 567 millionar dollar til eit fond for psykisk helse for ungdom. Det kjem i tillegg til ei bot på 375 millionar dollar i same stat frå tidlegare i år, og ei oppreisning på 4,2 millionar dollar i ein dom frå Los Angeles i mars.

Meta avviser skuldingane retta mot dei.