Emma Tallulah Behn (13) tok NM-gull

Emma Tallulah og hesten Fetoucha fekk gull i innandørs-NM i sprangridning denne helga. Dei hadde feilfri ridning gjennom heile meisterskapen.

– Eg er veldig nøgd med meisterskapen og veldig glad for gullet. Ein veit jo aldri korleis det går i ein finale, sjølv om ein ikkje har nokon feil, så kan alt skje. Heldigvis gjekk alt fint i dag, sa Emma Tallulah i ei pressemelding. 

Ho tok gullet i children-klassen, ein klasse som i meisterskapssamanheng er for ryttarar i alderen 13–14 år. Det var totalt 12 deltakarar i klassen.

Les også: Emma Tallulah Behn (12) til EM i sprangriding

Måtte ut i omhopping

Linnea Tomelthy Storstrøm og hesten Cilia B frå Bærum Rideklubb tok sølvmedaljen, medan bronsevinnaren vart Anna Mathilde Buskoven og hesten Estafette frå Fredrikstad og Omegn Rideklubb.

Etter dei tre innleiande rundane stod alle desse tre ryttarane med feilfrie rundar. Det førte til at dei måtte ut i ein omhopping, slik at dei kunne komma fram til kven av dei som fekk kva medalje.

I omhoppinga fekk alle eit riv, men Emma Tallulah hadde den beste tida. Derfor gjekk ho av med sigeren og NM-gullet.