Taliban lèt kvinner gå på Universitetet – men det blir ikkje som før

Kvinner skal få fortsetja å gå på universitetet. Det lova Talibans ferske minister for høgare utdanning, Abdul Baqi Haqqani, på ein pressekonferanse.

Kvinner i Afghanistan skal òg få lov til å ta doktorgrad, understreka han. Kvinnene må vera tildekte frå topp til tå og sitja i eigne klasserom – og dei må aller helst ha kvinnelege forelesarar. Kvinnene kan også undervisast av menn viss dei er plasserte bak eit forheng.

Ekspertar er framleis usikre på kven Taliban er i dag, meir enn 20 år etter at dei sist erobra makta i 1996.

Den gong vart fridommen til kvinner kraftig innskrenka, skriv VG.