Kina betaler foreldre for å få fleire barn

Seks år etter at Kina gav opp regelen om at kvar familie berre kunne få eitt barn, har landet snudd heilt om. 

Fleire plassar i landet gir myndane no ekstra pengar til dei som får barn nummer to eller tre. I landsbyen Huangzhugen i Lianjiang sør i Kina, kan foreldre tena godt på å få fleire barn.

Der får foreldre tilbod om over 4300 kroner i månaden per barn fram til det fyller to og eit halvt år. Totalt kan det bli 130.000 kroner per barn, skriv NRK.

Lokale myndar seier at nesten 20 familiar har bestemt seg for å få fleire barn etter at dei nye reglane kom 1. september, ifølgje den engelskspråklege kinesiske avisa Global Times.

Få fødslar

Kina gjer folketeljingar kvart tiande år. Då den siste folketeljinga vart lagt fram i mai i år, viste den rekordfå bryllaup og fødslar.

Det vart fødd 12 millionar barn i Kina i fjor. Det er ein nedgang frå 14,6 millionar i 2019. I moderne tid har det aldri tidlegare vore fødd så få barn.