– Her har eg aldri vore før, utbryt Ida i det ho går inn i den overveldande stortingssalen.
– Det er ikkje ofte ein får ein slik sjanse. Dette var veldig imponerande og kult, ler ho.
Dette var romma Ida fekk besøkja:

STORTINGSSALEN: Det aller viktigaste rommet i Stortinget er stortingssalen. Her sit 169 representantar frå heile landet. Dei tre hovudoppgåvene til Stortinget er å vedta lovene vi skal leva etter i Noreg, å bestemma korleis staten skal få inntektene sine og korleis pengane skal fordelast i samfunnet – og å kontrollera regjeringa. Regjeringa foreslår saker for Stortinget – og er den utøvande makta. Det betyr at regjeringa har ansvar for å få det Stortinget har bestemt til å skje.

EIDSVOLLSGALLERIET: Dette er eit av dei flottaste romma i stortingsbygningen. På veggane heng det måleri av 18 Eidsvollsmenn. Når stortingspresidenten tek i mot besøk frå andre land, møtast dei i dette rommet.

SPESIELLE STOLAR: I dei 169 stolene i stortingssalen sit representantar frå alle dei ulike politiske partia. Designaren av stolene har laga dei slik at politikarane kan sitja i dei lenge og skifte sitjestilling ofte.

STORTINGET I LEGO: I samband med Stortinget sitt 150-årsjubileum bygde legokunstnaren Matija Pužar ei tru kopi av bygningen.

RØYRSYSTEM: Då Stortinget opna dørene i 1866 var røyrpost ein del av inventaret. Det er framleis røyrpost i bruk, men systemet er blitt litt meir moderne med tida. Dette gjer det enkelt å senda dokument frå den eine delen av bygningen til den andre utan å måtta ta seg gjennom gangar, dører og trapper. Politikarane puttar eit dokument i behaldaren, set den inn i eit hol, tastar ein kode og sender den avgarde inn i røyrsystemet.
For ordens skuld: Ida er journalist Janne Nerheim si niese.