Stortinget opnar igjen etter sommarferie

Dei som sit på Stortinget har fire månader "sommarferie". I dag, 2. oktober, opnar kong Harald atter ein gong Stortinget.

På Stortinget sit 169 menn og kvinner frå heile landet. Etter valet blir det bestemt kven som får sitje der. Det er mange parti i Noreg, og dei partia som får flest stemmer, får også flest folk frå sitt parti inn på Stortinget.

Slik er partia fordelt på Stortinget

Stortingsrepresentantar 2017-2021

Arbeiderpartiet (49 personar)
Høyre (45 personar)
Fremskrittspartiet (26 personar)
Senterpartiet (19 personar)
Sosialistisk Venstreparti (11 personar)
Venstre (8 personar)
Kristelig Folkeparti (8 personar)
Miljøpartiet De Grønne (1 person)
Rødt (1 person)
Ulf Leirstein (1 person)

Stortingsrepresentantane har tre viktige oppgåver

1: Dei bestemmer lovane i landet vårt.

2: Dei bestemmer kor mykje pengar Noreg skal bruke og korleis pengane skal fordelast på mellom anna skular, sjukehus og vegar.

3: Dei kontrollerar at regjeringa gjer jobben sin.