Klemmerekord i august

Meir enn fire av ti nordmenn seier at dei har gitt ein klem til nokon den siste veka. Det viser tal frå Norsk koronamonitor.

Norsk koronamonitor frå Opinion har gjennom heile pandemien spurt 25.500 nordmenn om dei har gitt ein klem til nokon dei ikkje bur med, den siste veka.

Tala for august er rekordhøge.

– I pandemien er dette klemmerekord. Likevel prøver fleirtalet framleis å halda att og ikkje klemma nokon dei ikkje bur saman med, seier senoirrådgjevar Nora Clausen i Opinion i ei pressemelding.

Les også: Klemming er på veg tilbake: – Ein klem gjer at du føler deg trygg