Psykisk helse viktigast for unge

Det er ikkje lenger klima- og miljøsaker som er den viktigaste saka for unge i Noreg.

I UNG2021-undersøkinga frå Opinion, kjem det fram at halvparten av dei unge i Noreg ser på mental helse som den viktigaste saka. Det skriv VG.

Tidlegare har lista blitt toppa av saker som omhandlar klima- og miljø.

Det verkar heller ikkje som dei unge er nøgd med tilboda som blir gitt når det gjelder mental helse. Til yngre ein er, til meir opptekne er nordmenn av psykisk helsehjelp.

I undersøkinga Helsepolitisk barometer 2021, som er gjort av Kantar, seier 38 prosent av dei under 30 år at «meir tilgjengeleg psykisk helsehjelp» er deira viktigaste politiske sak.

Lita tru på at skulen kan hjelpa

Dei som går på skule, har heller ikkje særleg stor tru på at skulane greier å fanga opp dei elevane som trenger hjelp. 68 prosent av dei som er under 30 år, svarar at dei har «ganske eller svært lita tru» på at skulen kan hjelpa med mentale problem.

Mari Lønseth Holm, som sit i helse-og omsorgskomiteen for Høgre, seier til VG at dette er alvorlege tal.

– Sjølv om mange har det bra, er det alt for mange som slit sjølv eller kjenner nokon som har det vanskeleg.