Slik tek du vare på den mentale helsa di no

Det har gått eit år sidan korona kom til Noreg. Eit år med vasking, avstand og kohortar. Men kva gjer det med oss? Helsesjukepleiar Tonje Lindborg svarar.

– Når born tenkjer på korona, tenkjer mange på død og sjukdom. Me vaksne tenkjer i tillegg på kva sjukdomen gjer med samfunnet, økonomi og jobb. Eg trur dei vaksne er med på å fremma bekymringane born har.

Det seier Tonje Lindborg, som jobbar som helsesjukepleiar.

– Eg trur born blir veldig påverka av vaksne, derfor er det stor skilnad på om born tenkjer mykje på korona eller ikkje.

Ho fortel at born frå familiar der nokon har mista jobben, eller der nokon kan bli alvorleg sjuke om dei får viruset, har meir bekymringar enn andre.

– Born lever normalt i det unormale

Helsesjukepleiaren fortel at mange var veldig redde i starten av pandemien, men at borna har vore flinke til å ta imot informasjonen dei får, og tilpassa seg.

– Naturlegvis har dette vore lettare for dei som ikkje må forhalda seg til det som noko skremmande. Dei som «berre» vaskar hender og går i kohort, går det stort sett fint med, seier Tonje.

Enkelt å tenkja på det som begrensar

Nokre fortel også at dei synest denne tida har vore fin.

– Det har nok vore litt mindre press og krav det siste året. Mange born har snakka om tida der det har vore færre å velja mellom, som noko litt deilig.

Uansett om du tenkjer på tida me er inne i som noko positivt eller negativt, må me stå i endringane pandemien føljer med seg litt til.

– Uansett kvar du er i livet, er det enkelt å tenkja på det som begrensar deg. Eg trur at det kan vera lurt å minna seg sjølv på det me kan gjera. Viruset må me berre forhalda oss til, seier ho.

Tips for å ta vare på den mentale helsa:

  • Viss du har det vanskeleg – snakk med nokon. Er du mellom anna redd, føler du deg åleine, er du sint? Greier du å setja ord på kjenslene dine, er det mykje lettare for dei vaksne å hjelpa.
  • Viss du lever i ein heim med vald, omsorgssvikt eller overgrep – ring Alarmtelefonen for born og unge (tlf. 11 61 11). Du er ikkje til bry. Det er mange vaksne som vil hjelpa.
  • Lag deg ei liste – det er mykje du kan gjera, og berre fantasien din som stoppar deg. Viss du ikkje kan gå på fotballtrening, kan du framleis møta nokon i klassen og spela fotball med dei. Viss du saknar å vera med bestefar, skriv eit brev eller ring han. Vil du på kino, men kinoen er stengd? Inviter kohorten på filmkveld.
  • Gjer noko du har hatt lyst til lenge – Har du for eksempel hatt lyst til å læra noko nytt? Eller å byggja ei hytte i eit tre? Eller å bli betre på å springa raskt? Gjer det og øv på å bli betre!
  • Ring ein ven – kanskje er det nokon du ikkje har snakka med på ei stund? Tør å spørra om nokon vil vera med deg.