Ny rekord for desimalar i talet Pi

62,8 billionar desimalar er den nye rekorden for tallet Pi, ifølgje sveitsiske matematikarar.

Vi seier ofte at talet Pi er 3,14. Men eigentleg har det uendeleg mange desimalar etter komma. Dette mystiske talet har fått den greske bokstaven π. Det blir uttalt pi og det har vore kjent i fleire tusen år, skriv Ung.Forskning.no.

Før i tida måtte matematikarar bruka penn og papir for å rekna ut Pi. Men så kom datamaskinene.

Fortel talet dersom Guinness godkjenner

Den førre rekorden vart sett i 2020. Då hadde amerikanaren Timothy Mullican klart å finna 50 billionar desimalar av Pi.

No seier matematikarar ved eit universitet i Sveits at dei har slått rekorden. Dei vil fortelja kva talet er, viss Guinness rekordbok godkjenner rekorden.

Men dei ti siste desimalane har dei avslørt. Dei er 7817924264.