Brettspel gjer deg betre i matte

Kanskje litt brettspel i sommarferien gjer at du lettare løyser matteoppgåvene til skulestart.

Forskning.no skriv om ein studie frå Chile. Den viser at barn som spelte brettspel to gonger i veka, blei flinkare til å rekne. Brettspela dei spelte var talbaserte, som Stigespelet og Ludo.

Barna spelte to gonger i veka i cirka 20 minutt. Dei blei testa i matteoppgåver før dei begynte å spele brettspel. Deretter blei dei testa på nytt etter ein og ein halv månad. Forskarane gav også matteoppgåvene til barn som ikkje spelte brettspel. Til slutt samanlikna forskarane resultata.

Dei som spelte brettspel, blei flinkare i cirka halvparten av matteoppgåvene dei løyste, står det i ei pressemelding. Ein av tre blei betre i matte samanlikna med dei som ikkje spelte brettspel.