Aaryan Shukla (14) er som ein menneskeleg kalkulator

Aaryan, eit vidunderbarn frå India, knuser verdsrekordar med lynrask rekning

Nyleg inviterte Guinness rekordbok Aaryan til Dubai for å prøva å knusa verdsrekordane. På berre ein dag sette han heile seks imponerande rekordar:

      • Addere 100 tal med fire sifre (30,9 sekund)
      • Addere 200 tal med fire sifre (1 minutt og 9,7 sekund)
      • Addere 50 tal med fem sifre (18,7 sekund)
      • Dele et tal med 20 siffer på et tal med 10 siffer (5 minutt og 42 sekund)
      • Multiplisere to tal med fem siffer (51,7 sekund)
      • Multiplisere to tal med åtte siffer (2 minutt og 35,4 sekund)

– Dagleg øving er ein viktig del av førebuinga til konkurransar, så eg øver i om lag fem eller seks timar kvar dag, seier Aaryan i ei pressemelding frå Guinness rekordbok.

– Mange ting skjer i mentale rekningar på eit augeblink, så eg kan ikkje seia kva som skjer inne i hovudet mitt. Eg gjer berre det naturleg. I utgangspunktet går det så raskt at du ikkje kan tenkja, du må berre gjera rekningane, forklarar han.

Aaryan fortel også at han driv med Sahaja Yoga meditasjon for å finna balansen og slappe av. Elles likar han å lesa bøker, spela videospel og driva med cricket.

Foto: Skjermbilde / YouTube
STOLTE FORELDRE: Her er Aaryan saman med foreldra. Foto: Skjermbilde / YouTube