NASA har gitt ut eit utruleg, nytt bilde av Melkeveien. Bildet er ei samansetning av 370 observasjonar som er tatt i løpet av dei siste 20 åra.
Det viser milliardar av stjerner og fleire svarte hol, men også trådar av overoppheta gass og magnetfelt, skriv KidsNews.
– Eit energisk økosystem
Melkeveien er galaksen som inneheld solsystemet vårt, inkludert sola vår, jorda og månen vår. Professor Daniel Wang ved University of Massachusetts Amherst, i USA, har sagt at han brukte eit år på å jobba med prosjektet medan han var heima under pandemien.
– Det me ser på bildet er eit energisk økosystem i sentrum av galaksen vår, seier han.
Her kan du sjå heile bildet: