Dina (14) skal brøla for klimaet: – Me har ikkje tid til å venta

I dag blir Klimabrølet arrangert for andre gong. Dina Lau-Henriksen (14) meiner brøling er heilt perfekt for å setja fokus på klimaendringane.

Dette er Klimabrølet
  • Verdas lengste og viktigaste brøl for klima og miljø.
  • Vart arrangert for første gong i 2019. 
  • I etterkant av arrangementet i 2019 vart «klimabrøl» kåra til årets nyord.
  • Målet med Klimabrølet er at politikarane treffer tiltak slik at me kan avgrensa den globale oppvarminga til godt under 2 grader, og sikra meir natur. 
  • Nytt av året er at du kan vera med ved å spela inn ditt brøl. 
  • 27. august vart brølet sloppe laus i forma at ein kunstinstallasjon. Den skal romma alle innsendte brøl og etter kvart sendast rundt på ein turné som skal vara i fire år.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Me treng at noko blir gjort no. Me har ikkje tid til å venta. Eg synest at Klimabrølet er ein fin måte å gi beskjed til politikarane om at me faktisk ikkje kan venta i 20 år.

Det seier Dina Lau-Henriksen, som er leiar av Barnas klimapanel i Miljøagentane. Fredag skal ho saman med fleire tusen andre deltakarar, brøla så høgt ho berre kan for klimaet.

Betre å brøla enn å vera redd

Då det første Klimabrølet vart arrangert i 2019, vart det noregshistorias største klimamarkering med over 60.000 brølarar. Dina var med då også, og fortel at ho synest at det er eit kult initiativ som er med å påverka i rett retning.

– Eg tenker at i motsetnad til ein vanlig demonstrasjon, så skil Klimabrølet seg ut. Det hadde vore heilt feil om me skulle ha markert klimaproblematikken ved for eksempel å vera heilt stille. Å vera stille blir ofte sett i samanheng med sorg, og me har ikkje tid til å sørga, seier ho og legger til:

– Det passar betre å brøla enn å setja seg ned og vera redd.

– Det er håp!

Ho fortel at ho har forståing for dei som synest at resultata i den nye klimarapporten til FN er ekkelt å tenka på. Sjølv har ho også kjent på klimaangsten, og fortel at ho bli stressa av kjensla av at det ikkje er håp.

– Det er håp! Men me er nøydd til å gjera noko, for det lovar jo ikkje godt. Min måte å takla det på, er at eg prøver å gjera noko. Når eg føler at eg er med på å gjera ein forskjell, tek det vekk mykje av angsten.

Dina sine tips for å takla klimaangst: 

  • Snakk med nokon du stolar på. Det kan vera venner eller ein vaksen.
  • Snu stresset til noko positivt. Dina har snudd det til å prøva å gjera tiltak sjølv.
  • Filtrer kor mykje nyheiter du får med deg. Det er fint å vera oppdatert, men ingen tener på at du blir stressa av det du les og høyrer.
  • Prøv å fokusera på dei gode sakene også. Det er mange gode nyheiter, sjølv om det ikkje følest slik.