Bronse i NM til Emma Tallulah Behn (12)

Ho låg an til topplassering, men nokre kjedelege feil i finalerundane gjorde at det vart NM-bronse på Emma Tallulah Behn.

Det skriv Norges Rytterforbund i ei pressemelding.

Behn og hesten Fetoucha deltok i children-klassen under NM i sprangridning i Drammen.

Mammaen til Emma Tallulah, prinsesse Märtha Louise, har sjølv vore sprangryttar på eit høgt nasjonalt nivå.

Gull-vinnaren Marie Lensebråten Walstad. Foto: Norges Rytterforbund

– Veldig herlig

Marie Lensebråten Walstad fekk gullet, medan Sebastian Sebastian Oddsen tok sølv.

Vinnaren syntest at det var veldig deilig og litt uverkeleg å ta gullet.

– Dette var veldig herlig, litt uverkeleg – eg er veldig, veldig fornøgd, seier Walstad i pressemeldinga.