Dette måleriet er laga av ein litt uvanleg kunstnar

Du har kanskje høyrt om kjente kunstnarar som Vincent van Gogh eller Leonardo da Vinci. Men har du høyrt om blekkspruten Farallon?

Farallon er ein blekksprut som bur på The Florida Aquarium i USA.

Blekksprutar er kjende for å vera veldig smarte dyr. Derfor er det viktig at dei får brukt hjernen sin på forskjellige måtar.

Biologane ved akvariet gir derfor blekkspruten mange oppgåver for å stimulera hjernen hennar. Ein av tinga ho gjer er å måla, skriv BBC.

Treng ikkje bekymra seg for kva fargar ho skal velja

– Farallon var veldig engasjert første gongen me tok fram staffeliet. Ho brukte armane og sugekoppane til å skyva målinga rundt, seier Halley Miller, som er biolog ved akvariet.

Som du kan sjå i videoen under, hjelper biologane Farallon å koma fram til lerretet ved å trekka forsiktig i ein av tentaklane hennar. Lerretet kjem allereie med måling, slik at ho ikkje treng å bekymra seg for kva fargar ho skal velja. Ho treng berre å spreia det rundt!

Farallon brukar sugekoppane til å halda seg på lerretet og mala eit bilde. Etter at ho har fullført oppgåva, sym ho tilbake i vatnet for ein velfortent kvil.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av The Florida Aquarium (@floridaaquarium)