Sommarparkane i Noreg
Dei kommande vekene kjem me til å presentera kva som skjer, kva som er nytt og kva reglar som gjeld med tanke på smittevern i desse parkane:
- Bjørneparken i Flå
- Hunderfossen i Lillehammer
- Sommarland i Bø
- Mikkelparken i Kinsarvik
- Dyreparken i Kristiansand
- Tusenfryd i Ås
- Kongeparken i Ålgård
Me har tatt ein prat med dei store sommarparkane i Noreg, slik at du og familien din veit kva som møter dykk der, og korleis de må planleggja for å få mest ut av opphaldet.
I dag går turen til Sommarland i Bø.
Kva skjer i parken?
Bø Sommarland er den største vatnparken i Skandinavia. «Sjøormen Sjur», «Vassføyka» og «Tryll» er berre nokre av attraksjonane som ventar badeglade gjester.
Kva er nytt i år?
Nytt av året, er at dei er den første norske bedrifta som innfører «Solsikkemerket». Dei som har ei usynleg funksjonshemming, kan få utdelt eit armband som syner dette.
– Me vil tilby ein heilheitleg oppleving for alle, seier Rene Langeveld Sas, som er administrerande direktør i parken.
Korleis passar parken på smittevern?
Direktøren synest at det er positivt at fleire nordmenn oppdagar det flotte Noreg har å by på. Men også her må dei besøkjande vera klar over at dei må bestilla billettar på forhand.
– Me må forholda oss til begrensingar på kor mange me får lov å ha i parken. Derfor får me ikkje utnytta ei eventuell aukt interesse for ein VANNvittig moro dag.