Emma Tallulah Behn (12) til EM i sprangriding

Emma Tallulah Behn skal konkurrera i sprangriding i Portugal.

Tidlegare denne månaden gjekk Emma Tallulah Behn (12), dottera til prinsesse Märtha Louise, til topps i eit nasjonalt ridestemne i Lier med hesten Fetoucha, skriv Dagbladet.

No er den unge ryttaren tatt ut til EM for barn, juniorar og unge ryttarar i sprangriding, skriv Noregs Ryttarforbund i ei pressemelding.

Meisterskapen skal finna stad i Vilamoura i Portugal frå 19. til 25. juli.

Prinsesse Märtha Louise var sjølv sprangryttar i mange år og hevda seg på nasjonalt nivå.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Märtha Louise (@iam_marthalouise)