Prinsesse Märtha Louise har starta YouTube-kanal om hestar

Er du like interessert i hestar som prinsesse Märtha Louise, kan du følge YouTube-kanalen Hest360.

Prinsesse Märtha Louise har vore oppteken av hestar frå ho var ei lita jente. Ho har vore ein av Noregs beste i sprangridning, og har vore med på det norske landslaget.

I ein av videoane på YouTube fortel prinsessa at kanalen er for dei som vil lære alt om hestar. Kanalen ho har laga heiter Hest360.

Prinsesse Märtha Louise forklarar mykje om hestar på ein fin og enkel måte.

Det var VG.no som omtalte denne saka fyrst.