Juni er regnbogemånaden – men veit du kvifor?

Nokre dramatiske junidagar i New York for 50 år sidan, vart starten på Pride-markeringa.

Stonewall Inn vert gjerne skildra som ein fristad for homofile på 60-talet. Foto: Diana Davies, New York Public Library (CC BY-SA 3.0)

Veit du grunnen til at me markerer Pride i juni?

Det heile starta i New York på slutten av 60-talet, då homofili var ulovleg i alle amerikanske statar unntatt Illinois, ifølgje PBS-dokumentaren Stonewall Uprising. Men så skjer det noko som kjem til å sparka i gang homokampen slik me kjenner han i dag, skriv Framtida.

27. juni 1969 får baren Stonewall Inn, som er plassert i Christopher Street i New York, besøk av politiet som gjer ein såkalla razzia. Baren serverer til homofile, lesbiske, transpersonar og drag queens og politiet fortel at dei etterforskar meldingar om utpressing.

New York har på denne tida ei lov som seier at personar må ha minst tre klesplagg på seg, som stemmer overeins med deira juridiske kjønn. Men denne gongen protesterer transpersonane og drag-personane då politiet skal sjekka kva kjønn dei har.

Dei finner seg rett og slett ikkje i det lenger.

Les også: Er du hetero, lesbisk, bifil eller homofil?

Demonstrerer i fleire dagar

Det blir store demonstrasjonar utanfor baren. Demonstrantane ropar «pigs» til politiet og slagord som «gay power». Det skal gå fleire dagar før det bryt opp.

Allereie året etter Stonewall-opprøret vart det organisert tre paradar i USA – i New York, San Fransisco og Los Angeles. Desse første paradane gjekk under namnet Christopher Street Liberation Day March.

Biseksuelle Brenda Howard kom med ideen om å ha ei veke med festlegheiter i samband med paraden.

Foto: Flickr/Human-etisk forbund, CC BY-SA 2.0-lisens

Feiring i Noreg

I Noreg vart «Homodagene» første gong arrangert i Oslo i 1982 av LLH Oslo og Akershus. Namnet vart seinare endra til «Skeive dager», før Pride vart arrangert for første gong i 2014.

Dei siste åra har også bygde-Noreg starta markeringa av Pride. Mellom anna er det blitt arrangert Pride både i Volda og i Førde dei siste åra.

Les også: Ungarn forbyr «promotering av homofili»