Er du hetero, lesbisk, bifil eller homofil?

Når det kjem til forelsking vil ein etterkvart finne ut av kven ein er.

Å bli forelska er noko heilt spesielt. Det kan følest som tusen sommarfuglar lyftar deg opp. Du blir glad, sjalu, trist, lykkeleg – ja, eigentleg alt av kjensler blir satt i sving.

Nokon blir forelska i motsatt kjønn. Andre blir forelska i same kjønn. Andre igjen kjenner at dei kan forelske seg i begge kjønn.

Det er dette Pride handlar om – det skal vere lov å forelske seg i kven ein vil.

Det er ikkje feil å vere homofil

Enkelte blir redde dersom ein forelskar seg i det same kjønnet. Dette kjem som oftast av at det i samfunnet er meir “vanleg” å forelske seg i motsatt kjønn.

Mange kjenner seg einsame og åleine, og trur kanskje dei er dei einaste som har det på denne måten, men slik er det ikkje.

Det er ikkje feil å vere homofili, sjølv om det er mange som har fordommar mot dette.

Dei fleste som fortel til andre at dei forelskar seg i same kjønn, får som regel god støtte.

Å kome ut av skapet

Å finne ut at du er lesbisk, bifil eller homofil er ofte ein prosess. For nokre tek det kort tid, men for andre kan det ta fleire år.

Tipset er å finne ein du kan stole på.

Du kan også ringe anonymt til ungdomstelefonen: 40 000 777

Der du kan prate med andre som sjølv har samme erfaring og kunnskap om det å vere skeiv.

Kjelde: Ung.no

Kva er du?

Kva er du?

Homofil52
Lesbisk143
Heterofil189
Bifil269
Anna55
Svar totalt: 708