Fleire barn byter ut norsk med engelsk

Norske barn heilt ned i barnehagealder har begynt å prate engelsk. Lærarar over heile landet ser at ungdommar brukar så mykje engelsk i kvardagen at det går ut over norsken.

– Eg trur hovudgrunnen er barne-tv og YouTube, seier pedagogisk leiar Emilie Korsnes Molvær i Gnist barnehage i Ålesund til NRK.

Ei anna medverkande årsak er at nokre av barna i barnehagen har engelsk som hovudmål, meiner ho.

Kristine Bentzen er professor i nordisk språkvitskap hjå UiT. Foto: UiT

Blir bombardert med engelsk

Molvær blir ofte overraska over kor mykje engelsk både små og store barn kan.

Språkprofessor Kristine Bentzen ved Universitetet i Tromsø er ikkje overraska over at barnehagebarn snakkar engelsk.

– Barn bli bombardert med engelsk språk rundt seg heile tida. Både frå TV, nett og alle digitale plattformer. Barn snappar til seg språk veldig lett, seier Bentzen til NRK.