Hadde du tort å gå over denne hengebrua?

No har Portugal opna verdas lengste hengebru for fotgjengarar.

Når du er 174 meter over bakken, og det einaste som kan beskytta deg er eit metallgitter, er det lov å vera litt redd. Nyleg opna verdas lengste hengebru for fotgjengarar i Portugal.

Brua er 516 meter lang og går over Painva-elva i Arouca, skriv Kidsnews. Det tok to år å byggja den, og den kosta om lag 3,6 millionar dollar.

No håpar lokalbefolkninga at det vil bli ein turistattraksjon, og at den vil bidra til å byggja opp att regionen etter vanskelege tider grunna koronapandemien.