No må retusjert reklame verte merkt: – Håpar politikarane ikkje brukar det som kvilepute

Press og ungdomspartia jublar for gjennomslag, men åtvarar om at arbeidet mot kroppspress ikkje er over. Medietilsynet si undersøking synte at barn heilt ned i 9-årsalderen vert utsette for store mengder kroppsrelatert reklame.

Onsdag stemte Stortinget fram at retusjert reklame må verte merkt. Målet er å motverke kroppspress blant unge ved å seie frå om at kroppen er «fiksa» på.

Marina Johansen (21) er nestleiar i Press. Ho gler seg over gjennomslaget, men synest samstundes politikarane har latt det ligge urørt på bordet vel lenge. Foto: Press.

– Dette kjennest som ein veldig stor siger, og eit stort gjennomslag i kampen mot kroppspress, seier Marina Johansen, nestleiar i Press, på telefon til Framtida.no. 

Allereie i 2018 tilrådde Press merking av retusjert reklame i samband med rapporten Prosjekt Perfekt.

– Ein har kunna marknadsført uregulert så lenge, og kunna hevde at «slik får du rein hud» med bilete av retusjert hud. Det er falsk marknadsføring som er direkte retta mot barn og unge.

Jublar for gjennomslag

Merkeplikta gjeld både reklamebilete og reklamefilmar, og endringar som vert gjort både under fotografering og i ettertid. Plikta gjeld òg betalte reklameinnlegg frå påverkarar i sosiale medium.

Om kroppsfasong, kroppsstorleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering, så skal det verte merkt. Dersom ein bryt reglane ventar ei tvangsmulkt, og ved grove tilfelle òg eit gebyr.

Freddy André Øvstegård (SV) er saksordførar for saka, og fremja forslaget om merking av retusjert reklame på Stortinget allereie i 2018.

– Eg er veldig glad, og jublar for dette gjennomslaget. Dette betyr eit oppgjer med reklameindustrien som tener seg søkkrike på retusjering, og det betyr at photoshoppa og urealistiske skjønnsheitsideal blir avslørt.

FREMJA FORSLAG: Freddy André Øvstegård (SV) fremja forslaget om å merke retusjert reklame allereie i 2018, og gler seg no for gjennomslaget. Foto: Privat

Han seier det òg er ein stor siger for fleire ungdomsorganisasjonar som har drive aktivisme for å få dette til.

Felles kampsak

Fleire av ungdomspartia har hatt merking av retusjert reklame som ei felles kampsak i mange år, og fleire påverkarar har òg teke til orde for at reglane må verte strengare.

I april fortalde Raud Ungdom-leiar Alberte T. Bekkhus at merking av retusjert reklame er noko ungdomspartiet har arbeidd med i kring 20 år.

– Dette er kjempeviktig for unge menneske si psykiske helse, spesielt i ei tid der vi er omgitt av reklamar og photoshop på alle kantar, sa ho til Framtida.no, og peikte på at reklamane ikkje berre er i vindauget hjå H&M, men òg i sosiale medium.

I førekant av avstemminga skreiv KrFU-leiar Edel-Marie Haukland på Instagram at merkekravet er eit viktig steg i rett retning, men at ein ikkje er ferdige endå.

– Du skal vete at kvar dag tener ein stor og kynisk industri mykje pengar på å bryte ned sjølvtilitten din, skreiv Haukland.

Halvparten av tenåringar møter kroppspress

Marina Johansen frå Press peikar på at barn er i ein sårbar fase og ikkje har den same kritiske tenkinga som 25-åringar. Difor er behovet for ekstra vern viktig.

– Marknadsføringsbedrifter går inn for at ein ikkje skal kunne sjå at bilete er retusjert, seier Johansen.

Medietilsynet si undersøking Barn og medier 2020 synte at barn heilt ned i 9-årsalderen vert utsette for store mengder kroppsrelatert reklame. Samstundes har halvparten av 13 til 18-åringar fått nettreklamar for produkt som skal sørgje for vekttap eller gje større musklar.

Endå ho meiner merkeplikta er ein viktig start, påpeiker Press-nestleiaren at fleire tiltak må til:

– Eg håpar politikarane ikkje brukar det som ei kvilepute for å tenkje at «dette er nok», seier Johansen og løftar fram den uregulerte influencar-marknadsføringa på sosiale medium som ei utfordring.