– Det er bra vi får vite kva bilete som er forandra på

Sofia og Unar er einige om at det er bra at reklame no må merkast, slik at vi veit om modellane i reklamen er fiksa på.

I sommar bestemte Stortinget at all reklame med bilete som er endra på, skal merkast. Kva tenkjer Sofia (11) og Unar (12) om det?

Sofia Jensen (11):

FOTO: Janne Nerheim

Kva syns du om at retusjert reklame no skal merkast?

– Det er bra. Då får folk vite at modellane ikkje er redigert finare.

Er det vanskeleg å sjå at noko er retusjert?

– Det kan vera vanskeleg å sjå at noko er endra på. Men av og til er det veldig lett å sjå det.  

Påverkar det korleis du ser på deg sjølv?

– Eg tenkjer på at modellane kanskje også kjenner på at dei ikkje er fine nok, siden dei blir forandra på. Først tenkjer dei sikkert at dei blir valt fordi dei er fine, men så ser dei plutselig at dei ser heilt annleis ut på bildet. Då kjenner dei nok at dei ikkje er fine nok slik dei er. Det kan påverke meg også. Det kan få meg til å føle at det berre er dei fine folka som blir valt.

 

Unar Stenberg (12):

FOTO: Janne Nerheim

Kva syns du om at retusjert reklame no skal merkast?

– Eg trur det kjem til å bli betre for ungar som til dømes drøymer om å bli slik som folka dei ser i reklamar.

Er det vanskeleg å sjå at noko er retusjert?

– Ja, litt. Det er vanskelig å sjå viss dei endrar på små detaljar.

Påverkar det korleis du ser på deg sjølv?

– Eg bryr meg ikkje så mykje om utsjånad. Det er viktigare å tenke på korleis du er, enn korleis du ser ut. Martin Luther King jr. snakka om det, at vi alle er like mykje verdt. Han sa det om fargen på huden, men det er jo uansett det same.