Verdas største isfjell har lausna frå Antarktis

Det er større enn ferieøya Mallorca.

Eit enormt isfjell har losna i Weddellhavet i Antarktis, skriv TV 2.

Isfjellet er kjent som A-76. Det er om lag 4.320 kvadratkilometer stort, 170 kilometer langt og 25 kilometer breitt.

Det vil dermed seia at det er det største isfjellet me veit om og at det er noko større enn den spanske øya Mallorca.

Overvåka av satelittar

Det var ein satellitt som oppdaga isfjellet. Sentinel-1-satellittene til Copernicus tek bilder dag og natt kvar dag heile året, og passar på overvaking av fjerntliggjande område som Antarktis.

Tidlegare var det 3.880 kvadratkilometer store isfjellet A-32A rekna som verdas største. Også det ligg i Weddellhavet, den store havbukta som dannar den sørlegaste delen av Atlanterhavet.

I februar i år losna isfjellet A-74. Det var til samanlikning 1.270 kvadratkilometer – på storleik med storbyen Los Angeles.