– I vår familie tek pappa Marius og eg ansvar for pakking og ting som skal flyttast mellom våre to hus. Det meiner eg alle foreldre bør gjera, seier Trude som jobbar som advokat.
– Barna skal ha minst mogleg stress knytt til det at dei må flytta fram og tilbake. Det er trass alt dei vaksne som har ansvaret for at det er blitt to hus og to familiar, seier Trude.
Vaksne skal gjere det lettare
Det er nokre år sidan ho sjølv var skilt. Den gong var barna 10, 12 og 16 år. Trude meiner foreldra skal ta ansvar for barna sine ting heilt til barna sjølv vel å pakka tinga sine sjølv.
– Hos oss tek vi fullt ansvar for ting, uansett alder. Det å tenkja på kor alt er, og ha oversikt over alt ein treng, er ein belastning for barna. Då er det vårt vaksenansvar å gjera det lettare for barna. Den einaste jobben barn bør ha, er å flytta seg sjølv mellom to heimar, seier ho.
Planlegg og pakk saman
Trude meiner at det å byta hus kan vera ein stor nok jobb i seg sjølv.
– Det å byte seng og heim kan vera ei stor oppgåva i seg sjølv. Det slepp vi vaksne. Vi bur i same hus heile tida, så då kan vi i det minste sørga for at alle ting er pakka, seier Trude.
Heime hos familien går dei alltid gjennom kva barna treng å pakka med seg før dei skal reisa til den andre forelderen. Og har dei gløymt noko, er det ei sjølvfølge at dei vaksne køyrer tinga dit barna treng dei.
– Vi planlegg og pakkar saman, slik at dei ikkje er åleine om det. Det kan også vera greitt å ha to av enkelte ting. Til dømes mobilladar og PC/Mac-ladar. Det gjer det enklare. Men, det er ikkje så enkelt med kleda. Dei må vi planlegga og pakka saman, fortel ho.
Tips til deg som kjenner deg stressa grunna ting som skal fram og tilbake:
- Snakk med foreldra dine. Det er ikkje sikkert dei har tenkt på at dette er stress for deg. Kanskje har det berre blitt slik at du tek ansvaret? Du kan gjerne seie «eg har noko vanskeleg eg vil snakke om, kva tid har du tid?» Då kastar du ballen over til foreldra dine, slik at dei må finna ei tid for ein prat. Det er heilt normalt å grua seg til å snakka om dette, men det er viktig å få det ut.
LES MEIR: – Heia deg som er skilsmissebarn!
- Viss det er vanskeleg å snakka med foreldra dine, snakk med nokon andre som du stolar på som kan hjelpa å formidla dette til foreldra dine. Viss du har søsken, kan dykk kanskje be om eit familieråd saman?
- Viss du synest det er heilt greitt å ha ansvar for tinga dine, er det heilt supert. Men det skal vera ditt val.
- Viss du opplever at foreldra dine blir sure for at du gløymer noko hos den andre forelderen din, er det lov å gje beskjed om at dette er deira ansvar.
LES MEIR: 10 fine ting ved å vera skilsmissebarn