– Me ønskjer oss eit sikkert svar på om det å testa publikum for smitte før dei slepp inn på ein konsert, gjer det like trygt å gå på konsert som å vera heima og sjå på tv, seier Atle Fredheim som leiar forskingsgruppa i Folkehelseinstituttet (FHI) til NRK.
Dei planlegg å få med 30.000 publikumarar. Halvparten av desse får reisa på konsert, medan den andre halvparten skal leva som normalt. Begge gruppene kjem til å bli testa for koronavirus både før og etter konserten.
Kan skje allereie i juni
På den måten kan dei samanlikna kor mange som blir smitta i dei to gruppene, og finna ut om konsertar fører til auka risiko for å få viruset, eller ikkje.
Folkehelseinstituttet (FHI) ser for seg å arrangera fleire konsertar med opp til 5000 deltakarar per konsert, og at dei blir gjennomført allereie i juni.
Det er enno ikkje bestemt kvar desse konsertane skal arrangerast, men truleg blir det innandørs og utan munnbind i Oslo-området.