Eurovision-musikkvideoen til TIX engasjerer

Eit døgn etter at musikkvideoen til «Fallen Angel» vart publisert, har den allereie 150.000 avspelingar.

Fansen jublar over musikkvideoen til Noreg sitt Eurovision-bidrag i år – «Fallen Angel». I kommentarfelt på YouTube, på Eurovision-bloggar og på Facebook-sider kommenterer no fleire at dei er rørt av videoen, skriv NRK.

Mange skriv at tårene trillar, og at det er eit sterkt bodskap i videoen. Hovudpersonen sjølv, seier til NRK at det er ei lette at videoen endeleg er sluppen.

– Eg har følt meg veldig trygg på at denne musikkvideoen kjem til å bety mykje for veldig mange. Eg føler at dette er det største eg har laga nokon gong, og eg er veldig stolt av vidoen, seier Andreas «TIX» Haukeland.

Viser personleg historie

Videoen tek for seg TIX si personlege historie. Den viser ein gut som blir mobba fordi han har tourettes syndrom.

Tourettes er eit syndrom som blir kjenneteikna av tics. Eit tic er ei ufrivillig, plutseleg, rask og gjentakande rørsle eller lyd. Nokre som har tics, har for eksempel ufrivillige rykningar i andletet.

Allereie på laurdag reiser TIX til Rotterdam for å gjera seg klar for Eurovision. Første opptreden er i semifinalen den 18. mai. Den store finalen går føre seg 22. mai.

Les også: Tix blei kåra til «Årets Spellemann»

Les også: Måtte ete Tix sitt pannebånd