Tix blei kåra til «Årets Spellemann»

Andreas Tix Haukeland stakk av med den gjævaste prisen av dei alle under spellemannprisen. – Det å bli sett av andre som lagar musikk er skikkeleg stort, seier han.

Det var ein rørt Tix som vart overraska med prisen for Årets Spellemann.

– Det å bli sett, og ikkje berre bli sett av fansen, men å bli sett av andre som lagar musikk òg, det er skikkeleg stort for meg, sa han til NRK like etter utdelinga.

Barnemusikk

I kategorien «Barnemusikk» var det Sarah Camilla som stakk av med prisen for albumet “Spor av dråper og røde nebb”. 

Desse var nominerte i kategorien:

  • hei kalas: hvorfor er jeg allergisk?
  • Aslak Brimi og Mari Midtli: Huldra Hildur
  • Sarah Camille: Spor av dråper og røde nebb
  • Andreas Ihlebæk: Northern Lullabies

LES MEIR: Måtte ete Tix sitt pannebånd