Strikk ein Tjafs hårstrikk

Denne hårstrikken er enkel å laga. Om du treng hjelp, kan du få hjelp av nokon du kjenner som kan strikka, eller bruka Youtube.

Du treng:

– 50 g garn for einsfarga og 50 g av kvar farge for tofarga

– Rundpinne nr. 4, 40 cm

– Heklenål nr. 4

– Strikk, 20 cm

Strikketettleik: 21 masker x 28 pinner = 10 x 10 cm.

Tjafsen blir strikka rundt på rundpinne, blir bretta dobbelt i lengda, og blir hekla saman til slutt.

Slik gjer du: 

Legg opp 92 masker på rundpinne nr. 4, 40 cm. Strikk glattstrikk rundt til arbeidet måler 12 cm. Fell av.

Ikkje klipp av tråden, men tre nøsta gjennom den siste maska. Fest oppleggstråden. Hekl kant rundt.