Australia og New Zealand har opna for karantenefri reise

For første gong på over eit år, er det no mogleg å reisa karantenefritt mellom Australia og New Zealand.

– Dette er ein stor og spennande dag for familie og vener, sa New Zealands statsminister Jacinda Ardern, då Australia og New Zealand opna for karantenefri reise mellom dei to landa i starten av denne veka.

Det er første gong på over eit år at dette no er mogleg, skriv NRK. Begge land stengde grensene sine heilt, med visse unntak, i mars i fjor.

Har takla pandemien betre enn mange

Takka vera dei strenge tiltaka, har Australia og New Zealand takla koronapandemien betre enn dei fleste andre land i verda.

I følgje koronaoversikten til VG, har New Zealand i skrivande stund registrert 2599 smitta og 26 døde av koronaviruset. I Australia har 29.578 blitt smitta, medan 910 har døydd med viruset.

Viss me samanliknar med Noreg, er talet på smitta per 100.000 innbyggjar 53,5 i New Zealand, 114,7 i Australia og 2014,1 i Noreg.

No håpar regjeringane i dei to landa at dette er første skritt mot ei opning også i resten av verda.