– Vaksne må slutta å tulla med klimaengasjementet vårt

Josefine Myhre Johannessen (11) frå Trondheim har vore miljøagent i snart fire år. Ho føler ikkje alltid ho blitt tatt seriøst når ho snakkar om klimaproblemet med vaksne. – Mange prøver å tulla det bort, seier ho.

Då Josefine blei tipsa om Miljøagentane av ein ven, tok det ikkje lange tida før ho meldte seg inn i barnas eigen miljøvernorganisasjon.

– Eg synest det såg kult ut, så eg meldte meg inn i Sverresborg lokallag, fortel ho. 

Josefine blei etter kvart også valt til å bli med i Barnas klimapanel. Barnas klimapanel er sett saman av åtte barn frå heile landet. Dei representerer barna i Noreg i møte med politikarar.

LEI: Miljøagent Josefine er lei av at dei vaksne seier at dei forstår kva ho seier, men at dei ikkje gjer noko med det som blir sagt. Foto: Privat

Kompliserte ord

Josefine føler ho ofte må snakka med kompliserte ord for at vaksne skal høyra etter. 

– Eg føler ikkje vaksne tek meg seriøst utan at eg snakkar med vanskeleg ord. Når eg snakkar med barn kan eg snakka enklare, utan å bli tatt mindre seriøst av den grunn, seier ho.

– Viss eg til dømes seier: «Dette er viktig, så vi må verkeleg gjera noko med det no – elles kjem vi ikkje til å nå berekraftmåla», då lyttar dei vaksne, seier ho.

Mykje snakk, lite blir gjort

Miljøagenten er lei av at dei vaksne seier at dei forstår kva ho seier, men at dei ikkje gjer noko med det som blir sagt.

– Av og til er det som om det eg seier går inn eitt øyre og ut det andre. 

Josefine har høyrt om fleire i Barnas klimapanel som har opplevd å få slengt dumme kommentarar etter seg.

– Det er mange som fortel om vaksne som seier dumme ting om klimaengasjementet deira, men sjølv har eg ikkje opplevd det, seier ho.

Ho opplever at familien støttar ho, sjølv om dei også ofte er ueinige om ulike klimaspørsmål.

LES MEIR: 7 gode tips til korleis du kan snakke med vaksne om klima

– Familien min forstår kvifor eg brenn for det eg gjer, fortel ho. 

Men, om ulike klimaspørsmål kjem opp rundt middagsbordet, er dei ikkje alltid einige.

– Dei har sine eigne meiningar, men respekterer mine også. Dei kjem med argument for kvifor deira meining er viktig, og så argumenterer eg tilbake, fortel ho. 

Respekt for andre

– Eg tenkjer me må ha respekt for kvarandre, sjølv om vi ikkje meiner det same, seier ho.

Josefine likar ikkje når vaksne tullar bort klimaengasjementet til barn og unge.

– Det er sårande. Vi treng å bli tatt seriøst av dei vaksne. Både dei me har rundt oss, og politikarane.

Dersom ho skal snakka med vaksne ho ikkje kjenner om klima, er hennar beste råd å droppa å vera streng. 

– Det beste er å fortelje kvifor saka er viktig, men på ein snill og roleg måte. Eg er nok litt strengare med familien enn eg er med ukjente, ler ho.